• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Handelshøyskolen BI
  • Student papers
  • Bachelor
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Handelshøyskolen BI
  • Student papers
  • Bachelor
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Eit innblikk i forbrukaråtferda «Behovet til de som trenger hjelp trumfer alt, alltid» Eit kvantitativ studie om forbrukaråtferd og Røde Kors

Haug, Sondre Hunshammer
Bachelor thesis
Thumbnail
Åpne
2574152.pdf (1.928Mb)
Vedleggsliste bachelor.pdf (2.757Mb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2684496
Utgivelsesdato
2020
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Bachelor [572]
Sammendrag
Veldedigheitsorganiasjonen Røde Kors er representativ over heile verda og

jobbar med alt frå brann i Australia til krig i Syria. For at Røde Kors skal kunne

fungere er dei avhengige av økonomisk støtte frå forbrukaren og effektiv

marknadsføring for å optimalisera innsamlingsaksjonane. Dei må på begrensa

tid få forbrukaren til å forstå betydinga av aksjonen, og dette krev kunnskap om

forbrukaren. Det er denne informasjonen eg vil tileigna meg gjennom mi

bacheloroppgåve. Eg skal i denne studien svare på kva som påverka forbrukaren

sin intensjon om å donere til Røde Kors i lys av Theory of planned behaviour

(TPB) av Icek Ajzen (1985). Teorien tek utgangspunkt i intensjon for å forutsjå

åtferd, og gjennom ei analyse av intensjon til å donere til Røde Kors så vil eg få

eit innblikk i sannsynleg åtferd. I tillegg til dette vil eg gjennomføra

hypotesetesting som ser på forholdet mellom alder og kjønn, samt intensjon til å

utføra åtferda.

Teoridelen har sitt hovudfokus i Theory of Planned Behaviour, men eg

presentera også to teoriar som er relevante for å få ei betre forståing av modellen;

«Expectancy Value Theory» (Fishbein, 1963) og «Theory of Reasoned Action»

(Fishbein & Ajzen, 1975). Dette vart gjort for å skapa eit godt grunnlag for

vidare analyse. I metodedelen nyttar eg ei kvantitativ tilnærming i form av ei

spørjeundersøking. Spørjeskjemaet følgjer framgangsmåten til Icek Ajzen sin

oppbygging av eit TPB-spørjeskjema, og er difor delt opp i to delar. Fyrste del

er demografiske variablar som blei brukt til å besvara hypotesane, medan den

andre delen er spørsmål som har som mål å setta to scorar på kvar komponent i

TPB-modellen. Denne scoren fortel i kor stor grad kvar komponent påverkar

intensjonen til forbrukaren.

I analysedelen nyttar eg T-test og variansanalyse for å besvara hypotesane mine.

Forholdet mellom komponentane og intensjonen til å utføra åtferda blir

analysert gjennom korrelasjonsanalyse og ei regresjonsanalyse. For å undersøkja

resultata mine grundigare så intervjua eg den daglege leiaren i Røde Kors

Hordaland, Lars Atle Skorpen. Dette blir brukt til å belysa nye sider ved

resultatet som framkom i analysedelen. I konklusjonen fastslår eg at forbrukaren

er positiv til å donera til organisasjonen, og at det er ei sjølvstendig handling,

men at dei sit med feilinformasjon om organisasjonen som skapar mistillit og mangel på kontroll over åtferda. Dette har ein sterk påverknad på intensjonen og

gjer det dermed mindre sannsynleg at ein donera. Hypotesetestinga viste at

kvinner hadde større sannsynlegheit til å donera til Røde Kors, og at sannsynet

for å donera auka med alderen. Mine tiltak til Røde Kors er at dei prøver å

kommunisera betre med yngre forbrukarar, og at dei har fokus på å avdekka

feilinformasjon som forbrukaren potensielt har. Dette vil vera med å styrka tillita

til organisasjonen, og auka forbrukaren sin kontroll over prosessen. Dette er

tiltak som vil styrka intensjonen til å donera til Røde Kors.
Beskrivelse
Bacheloroppgave i Markedsføringsledelse fra Handelshøyskolen BI, 2020
Utgiver
Handelshøyskolen BI

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit