Korleis Tomax; eit selskap basert i olje og gass næringa tilpassar seg det grøne skiftet
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3157578Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Bachelor [880]
Sammendrag
Vi lever i ei verd som er i stadig vekst. Dei siste hundre åra har verdas ressursbehov auka eksponentielt. Ein konsekvens av dette er at klodens sine ressursar har byrja å minke. Dette gjeld og for olje og gass. Vi nyttar no fossilt brensel for å dekke 81% av vårt energibehov. (BP p.l.c., 2023) For å sørge for at kloden skal halde fram som tilhald for komande generasjonar må me endre denne trenden slik at vi ikkje går tom eller endrar klima. Hovudtiltaket for å oppnå dette er Parisavtalen utvikla av FNs klimakomisjon i 2015. Ein av hovudbransjane som vart påverka av denne problemstillinga er oljebransjen. Ser ein på Noregs BNP utgjer olje eksport 41% av landets eksport inntekter. (SSB, 2024) Oljeindustrien står ovanfor store endringar og stadig aukande krav frå statlege organ. Bransjen som før vart ein av dei desidert mest lukrative er nå sett på som ein risiko bransje med redusert stabilitet på mange måtar. Dette reiser eit spørsmål om korleis selskap som opererer i oljeindustrien har tilpassa seg denne endringa. For å belyse dette spørsmålet valde eg meg ut eit norsk olje teknologiselskap som caseobjekt. Problemstillinga som blir reist er som følger:
«Korleis vil det globale oljeservice selskapet Tomax tilpasse seg det grøne skiftet?»
For å belyse problemstillinga har eg vald å fokusere på to teoriar: Sirkulær økonomi og Organisatorisk resiliens. Dette er teoriar som både belyser bedriftas berekraftige eigenskapar, samstundes som dei ser på selskapets evne til å takle marknadsrelaterte endringar. Gjennom kvalitativ forsking og opparbeiding av tilstrekkeleg primær og sekundærdata via dokument analyse, kvalitative intervju og eksterne kjelder.
Dei empiriske funna gjort i denne oppgåva har blitt nøye analysert og presenterte med å sette dei i lys av det teoretiske rammeverket. All drøfting er også gjort i lys av problemstillinga samt ulike spørsmål den reiser. Med bakgrunn i dette har eg sett på korleis Tomax ytlegare kan forbetre sin posisjon i Markedet, samt auke deira berekraftseigenskapar. For å sikre relevans nytta eg ytlegare ein teori knyta til organisatorisk resiliens: Resiliens i forsyningskjeden. Gjennom dette drøfta eg korleis Tomax kan optimalisere si drift knyta til dei fem hovudpunkta utarbeida frå denne teorien. Det konkluderast med at Tomax stiller sterkt når det kjem til resiliens ved gjennomgang og tolking av forskingsdata, men at dei kan forbetre seg ytlegare ved å evaluere og eventuelt implementere nokre av desse tiltaka.
Beskrivelse
Bacheloroppgave i Økonomi og administrasjon fra Handelshøyskolen BI, 2024