Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEspe, Marie Ingeborg
dc.contributor.authorSundsteigen, Kristin
dc.date.accessioned2022-11-14T12:38:26Z
dc.date.available2022-11-14T12:38:26Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3031706
dc.descriptionExecutive Master of Management i Sikkerhetsledelse og kulturforståelse fra Handelshøyskolen BI, 2022en_US
dc.description.abstractDenne trusselvurderinga har eit aktørfokus og er ein predikativ analyse med formål å fungere som ei beslutningsstøtte for politiet. Varslingsproblemet vi har tatt for oss er «Terrortrusselen frå Den Islamske Staten i Irak og Levanten (ISIL) mot Stopp Islamiseringen av Norge (SIAN) sine markeringar våren og sommaren 2022». Vi har ved å analysere ei rekke indikatorar vurdert det som «lite sannsynlig» at ISIL vil gjennomføre eit terrorangrep mot SIAN sine markeringar vår og sommar 2022. ISIL har intensjon om og vilje til å ramme ein organisasjon som SIAN, men det er ikkje funne informasjon om at SIAN sine markeringar og handlingar er kjent for terrorgruppa. SIAN har fått lite merksemd i tradisjonelle norske medium og vi har ikkje funne noko informasjon om at dei er omtala i europeiske- eller andre internasjonale medium. SIAN deler sine meiningar og handlingar på sosiale medium, og vi kan difor ikkje sjå vekk frå at dette har spreia seg på «det skjulte nettet» og i krypterte appar. Dette er kommunikasjonsplattformer som vi veit at blir nytta av terrorgruppa, men som vi ikkje har hatt tilgang til. Vi kan difor ikkje utelukke at SIAN er sett på «kartet» av ISIL. Med tanke på kapasitet og evne verkar ISIL som organisasjon svekka. Ideologien lev derimot vidare og fleire av dei europeiske nettverka synast framleis å vere sterke. Det er ikkje noko som tyder på at det finst aktive terrornettverk med knyting til ISIL i Noreg. Eit angrep frå eit europeisk nettverk, eller individ/grupper med tilknyting til eit europeisk nettverk synast difor å vere det mest sannsynlege scenarioet. Vi har derimot ikkje funne informasjon som indikerer at desse nettverka har motivasjon nok til å gjennomføre eit angrep mot SIAN. Økonomisk verkar ISIL framleis sterke, men på bakgrunn av at angrepa dei siste åra har blitt gjennomført med enkle våpen og har kosta lite, har dette mindre betyding for vurdering av trusselen. Det same gjeld for våpentilfang. Sjølv om ein ser at ISIL tidlegare har nytta seg av meir avanserte våpen, har dei fleste angrep dei siste åra blitt utført ved bruk av enkle våpen. Til slutt ser vi at pandemien har satt ein stoppar for reiseverksemd dei siste åra både i Europa og resten av verda, noko som har påverka ISIL sin evne til å gjennomføre terrorangrep i Vesten.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHandelshøyskolen BIen_US
dc.subjectsikkerhetsledelse kulturforståelseen_US
dc.titleTerrortrusselen frå Den Islamske Staten i Irak og Levanten (ISIL) mot Stopp Islamiseringen av Norge (SIAN) sine markeringar våren og sommaren 2022en_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel