Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGloppen, Frida Lingjerde
dc.date.accessioned2017-11-21T09:38:22Z
dc.date.available2017-11-21T09:38:22Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2467283
dc.descriptionBacheloroppgave i Markedsføring fra Handelshøyskolen BI, 2017nb_NO
dc.description.abstractBacheloroppgåva omhandlar den digitale musikkbransje og fokuset er retta mot korleis ein som ny artist kan dra nytte av digitaliseringa for å nå ut til forbrukaren. Oppgåva har to hovudemne. Fyrste emne er forbrukaråtferd og viser til korleis forbrukaren blir påverka, oppdagar og lyttar til musikk. Det andre emne er marknadskommunikasjon, med sentrale delemne som strategi, posisjonering, distribusjon og promotering av musikk. Problemstillinga lyder som følgjer: Korleis kan nye artistar dra nytte av digitaliseringa for å påverke kjøpsåtferda til forbrukaren? I teoridelen av oppgåva vert det gjeve innsikt i korleis digitaliseringa har påverka musikkbransjen. Både knytt til kjøpsåtferda til forbrukaren og til dei nye digitale moglegheitene som eksisterer for distribusjon og promotering. Det trekkjast og inn sentrale faktorar som er uendra frå tradisjonell musikkbransje, som viktigheita av strategi og posisjonering. Det blei ut frå teorien identifisert behov for meir informasjon for å dekkje kunnskapsgapet og derav kunne besvare problemstillinga. Kunnskapsgapet er knytt til korleis forbrukaren føretrekk å lytte, korleis dei innhentar informasjon om ny musikk og korleis dei oppdagar musikk. Korleis bransjen i praksis jobbar med distribusjon og promotering, kva kanalar ein som nykomar bør dra nytte av for å synleggjere seg sjølv og korleis ein som nykomar bør tenke strategisk var og område med behov for meir kunnskap. Med mål om større forståing, blei det vald ei fenomenologisk tilnærming med utgangspunkt i utforskande metode, gjennom kvalitativ og kvantitativ tilnærming. Primærdatainnsamlinga er basert på åtte dybdeintervju med ulike bransjeaktørar i musikkbransjen. Spørjeundersøking blei vald som sekundærmetode retta mot forbrukaren. Funn viste at forbrukarane i stor grad tek nytte av digitale kanalar og at bransjeaktørane er positive til moglegheitene digitaliseringa har gjeve nye artistar. Samstundes blei det identifisert ei utfordring knytt til at forbrukaråtferda ikkje samsvarar med anbefalingane frå bransjeaktørane. Med bakgrunn i funn og drøfting konkluderast det difor med at val av digital distribusjon og promotering, for å dra nytte av digitaliseringa, avheng av strategien ein har bak utgivnaden av musikk. Val ein tek for distribusjon og promotering må sjåas opp mot målsetjing, målgruppe og posisjonering.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHandelshøyskolen BInb_NO
dc.subjectmarkedsføringnb_NO
dc.titleDen digitale musikkbransje: korleis kan nye artistar dra nytte av digitaliseringa for å påverke kjøpsåtferda til forbrukaren?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel