Den digitale musikkbransje: korleis kan nye artistar dra nytte av digitaliseringa for å påverke kjøpsåtferda til forbrukaren?
Abstract
Bacheloroppgåva omhandlar den digitale musikkbransje og fokuset er retta mot
korleis ein som ny artist kan dra nytte av digitaliseringa for å nå ut til forbrukaren.
Oppgåva har to hovudemne. Fyrste emne er forbrukaråtferd og viser til korleis
forbrukaren blir påverka, oppdagar og lyttar til musikk. Det andre emne er
marknadskommunikasjon, med sentrale delemne som strategi, posisjonering,
distribusjon og promotering av musikk. Problemstillinga lyder som følgjer:
Korleis kan nye artistar dra nytte av digitaliseringa for å påverke kjøpsåtferda
til forbrukaren?
I teoridelen av oppgåva vert det gjeve innsikt i korleis digitaliseringa har påverka
musikkbransjen. Både knytt til kjøpsåtferda til forbrukaren og til dei nye digitale
moglegheitene som eksisterer for distribusjon og promotering. Det trekkjast og
inn sentrale faktorar som er uendra frå tradisjonell musikkbransje, som viktigheita
av strategi og posisjonering. Det blei ut frå teorien identifisert behov for meir
informasjon for å dekkje kunnskapsgapet og derav kunne besvare
problemstillinga. Kunnskapsgapet er knytt til korleis forbrukaren føretrekk å lytte,
korleis dei innhentar informasjon om ny musikk og korleis dei oppdagar musikk.
Korleis bransjen i praksis jobbar med distribusjon og promotering, kva kanalar ein
som nykomar bør dra nytte av for å synleggjere seg sjølv og korleis ein som
nykomar bør tenke strategisk var og område med behov for meir kunnskap.
Med mål om større forståing, blei det vald ei fenomenologisk tilnærming med
utgangspunkt i utforskande metode, gjennom kvalitativ og kvantitativ tilnærming.
Primærdatainnsamlinga er basert på åtte dybdeintervju med ulike bransjeaktørar i
musikkbransjen. Spørjeundersøking blei vald som sekundærmetode retta mot
forbrukaren. Funn viste at forbrukarane i stor grad tek nytte av digitale kanalar og
at bransjeaktørane er positive til moglegheitene digitaliseringa har gjeve nye
artistar. Samstundes blei det identifisert ei utfordring knytt til at forbrukaråtferda
ikkje samsvarar med anbefalingane frå bransjeaktørane. Med bakgrunn i funn og
drøfting konkluderast det difor med at val av digital distribusjon og promotering,
for å dra nytte av digitaliseringa, avheng av strategien ein har bak utgivnaden av
musikk. Val ein tek for distribusjon og promotering må sjåas opp mot målsetjing,
målgruppe og posisjonering.
Description
Bacheloroppgave i Markedsføring fra Handelshøyskolen BI, 2017